Marcus Aurelius av Romarriket – Wikipedia Marcus Aurelius av Romarriket Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket Hopp til navigering Hopp til søk Marcus Aurelius Fødd 26. april 121 Fødestad Roma Død 17. mars 180 Dødsstad Vindobona Gravstad Castel Sant'Angelo Gift med Faustina den yngre Dynasti Nervan-antoninske dynasti Far Marcus Annius Verus Mor Domitia Lucilla Born Commodus, Marcus Annius Verus Caesar, Annia Aurelia Galeria Faustina, Fadilla, Lucilla, Annia Cornificia Faustina Minor, Vibia Aurelia Sabina, Titus Aurelius Fulvus Antoninus, Domitia Faustina Marcus Aurelius (26. april 121–17. mars 180) var romersk keisar 161-180. Han forfatta Til meg selv, og er rekna som ein av dei fremste stoiske filosofane. Marcus Aurelius blei fødd som Marcus Annius Verus og var av spanskætta patrisiarslekt. Far hans døydde tidleg, og han voks opp saman med mora og farfaren i nærleiken av Keisarpalasset i Roma. Han utmerkte seg tidleg hjå den dåverande keisar Hadrian. På dødsleiet adopterte Hadrian den komande keisar Pius, som så adopterte Marcus Aurelius. Frå 138 til 145 konsentrerte Aurelius seg om studiene, og fekk ei grundig utdanning i i retorikk, jus og statsstell. Frå 147 deltok han i regjeringa til adoptivfaren. Etter at Pius døydde i 161 blei han keisar under namnet Marcus Aurelius Antoninus (Pius), men hadde adoptivbroren Lucius Aurelius Verus som medregent fram til denne døydde i 169. «Pass på at ikke mennesket går under i keiserverdigheten, at ikke purpuren smitter av på deg. Slikt hender. Hold deg selv enkel, god, ren, verdig, uaffektert, rettferdig, from, velvillig, kjærlig, sterk nok til de riktige oppgåver. Kjemp for at du stadig må være slik som filosofien vil gjøre deg. Vis ærefrykt for gudene, frels mennesker. Livet er kort. Den eneste frukt av et jordeliv er fromhet og handlinger til samfunnets gagn.» Marcus Aurelius Til meg selv Jamvel om Aurelius var ein filosofisk, fredsæl mann, blei keisartida hans prega av stadige konfliktar, og han blei nøydd til å føre ei rad forsvarskrigar fram til sin død. Frå 161 utkjempa han ein krig mot Partia, Romarrikets gamle erkefiendar i aust. Denne konflikten opphøyrde i 166, men blei etterfølgd av krig same året mot ei germansk folkegruppe som hadde kryssa Brennerpasset. I 173 måtte Aurelius til fronten enno ein gong, etter at det kom til krig med eit rytterfolk på steppene i Austeuropa, før han i 174 igjen nedkjempa ei germansk folkegruppe. I tillegg blei Italia i denne perioden råka av fleire epidemiar og naturkatastrofar. I år 177 tok han sonen Commodus som medkeisar, og braut dermed tradisjonen der keisaren valde sin etterfølgjar ved adopsjon. Same året reiste han til fronten for igjen å kjempe mot germanske stammar. Han døydde under felttoget i 180, moglegvis ved dagens Mitrovic ved elva Save, eller i Wien. Trass i alle konfliktene var Aurelius rekna for å vere ein mild og human herskar. Han forsøkte å gjere den romerske lovgivinga meir rettferdig, og prøvde å lette skadeverknadene frå pest og naturkatastrofar gjennom gåver og ettergjeving av skatt. Aurelius sin personlegdom kjem kanskje best fram gjennom dei tolv kapitla som utgjer Til meg selv. Her skildrar han ei mild stoisk livshaldning etter mønster av Epiktet og Seneca. Boka er skriven på gresk, og forfatta medan Aurelius oppheldt seg ved krigsfronten. I boka legg han vekt på sjølvprøving og god opptreden overfor andre menneske. Han uttrykkjer ei tru på eit forsyn som ordnar alt til det beste, og han understrekar at alle menneske er del av den same naturen. Kjelder[endre | endre wikiteksten] Denne artikkelen baserer seg heilt eller delvis på det danske Salmonsens konversationsleksikon 2. utgåve (1915–1930). «Innledning» av Rebecca Hammering Bang i Aurelius, Marcus. Til meg selv. Cappelen, Oslo 2004. Autoritetsdata WorldCat BIBSYS Store Norske leksikon VIAF GND LCCN ISNI BNF BNF (data) LIBRIS Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Marcus_Aurelius_av_Romarriket&oldid=3233970» Kategoriar: Einskildmenn Romerske keisarar Romerske filosofar Stoisismen Gøymde kategoriar: Sporing av AboutTopic Fødde den 26. april Døde den 17. mars Døydde i 50-årsalderen Artiklar med autoritetsdata Navigasjonsmeny Personlege verktøy Ikkje innlogga Diskusjon Bidrag Opprett konto Logg inn Namnerom Artikkel Diskusjon Variantar Visningar Les Endre Endre wikiteksten Sjå historikken Meir Søk Navigering Hovudside Arbeidskontoret Samfunnshuset Siste endringar Tilfeldig side Hjelp Gåver Kontakt Verktøy Lenkjer hit Relaterte endringar Last opp fil Spesialsider Fast lenkje Sideinformasjon Siter denne sida Wikidata-element Skriv ut / eksporter Opprett ei bok Last ned som PDF Utskriftsversjon På andre prosjekt Wikimedia Commons På andre språk Norsk bokmål Svenska Dansk Afrikaans Ænglisc العربية Aragonés Asturianu Azərbaycanca تۆرکجه Bân-lâm-gú Беларуская Bikol Central Български བོད་ཡིག Bosanski Brezhoneg Català Čeština Cymraeg Deutsch Eesti Ελληνικά English Español Esperanto Estremeñu Euskara فارسی Føroyskt Français Frysk Gaeilge Gàidhlig Galego 客家語/Hak-kâ-ngî 한국어 Հայերեն हिन्दी Hrvatski Ido Bahasa Indonesia Interlingua Íslenska Italiano עברית ქართული Қазақша Kiswahili Kongo Latina Latviešu Lietuvių Lingua Franca Nova Magyar Македонски Malagasy मराठी مصرى Bahasa Melayu Монгол မြန်မာဘာသာ Nederlands 日本語 Napulitano Occitan Oʻzbekcha/ўзбекча پنجابی Piemontèis Polski Português Română Русский Scots Shqip Sicilianu Simple English Slovenčina Slovenščina Српски / srpski Srpskohrvatski / српскохрватски Suomi Tagalog தமிழ் ไทย Тоҷикӣ Türkçe Українська Tiếng Việt 文言 Winaray 吴语 Yorùbá 粵語 Zazaki 中文 Endra lenkjer Denne sida vart sist endra den 21. mai 2020 kl. 23:48. All tekst er tilgjengeleg under Creative Commons-lisensen Namngjeving/Del på same vilkåra. Sjå Vilkår for detaljar. Personvern Om Wikipedia Atterhald For mobil Utviklarar Statistikk Fråsegn om informasjonskapslar